Romjulsløpet 2020 (27/12/2020)
Категория: Trening
Карта/область: Digrenes
Организатор: Førde IL
Длина пути: 4.37 km
Время: 28:05
Average HR: 165
Maximum HR: 180
God Jul!
Då var det endelig 2.juledag, noko som betyr Romjulsløp i Førde. Her har vær, føre og form ingen hindring, for det tradisjonsrike Romjulsløpet skal vi alltids på. I år var nok forma muligens den beste av dei tre nemnde faktorane, der eit tynt lite snøvlag la litt julepreg på løpet. I årets utgåve vart løpet arrangert i nytt terreng ved Sunsdalen Skianlegg. Terrenget var av typen fin vestlandsmyr med furuskog. Løypa lå fint i terrenget, der det blei brukt gode detaljar som søkk og groper, som gjor at enn måtte heilt inn til detaljen for å sjå posten. Bra at postane blei hengt godt bak detaljane, slik at dei ikkje blei for synlege på lang hold. Eg hadde nok litt fordel med å springe ut litt seint, og fekk derfor endel tråkk, men prøvde å optimaliserer eigne trasear og vegvalg. Myrane var delvis fryst, men med våtsokkar var det ingen problem med litt myr her og der. Et fint terreng eg håpar å få nye turar løp og utfordringar i! Mulig terrenget lenger nord er endå beire.
Løypa generelt bar ikkje breg av store vegvalgsstrekk, men meir valg av trasere og microvegvalg. Føler eg stort sett tok de rette valga. Fekk dessverre ein liten snurr på post 16. Ettersom eg ikkje såg posten (Trudde den skulle være bak steinen), så konkluderte eg med at eg var ned på dei tre steinane som var ned med 16-tallet. Dro derfor oppover mot toppen, men forstod tilslutt at eg var rett første gongen. Dro ned igjen og fant posten. Ellers lite å justere på. Har tross alt vore lite med o-teknikk den siste tida.
Tapte 15 sek til 14.post, kom litt lavt til 15.post, og tapte 2 min på missen på 16.post
Kryssar fingrane for nytt Romjulsløp til neste år. Anbefala å ta turen om du har mulighet!
Показать комментарии (0)
 
Romjulsløpet 2020 (27/12/2020)