10mila - 7.etappe (29.04.2018)
Kategori: Konkurranse
Distanse: 12.08 km
Tid: 69:45
Gj.sn. HR: 166
Maksimum HR: 181
I år blei det en ny og annerledes opplevelse på TIO. For det første løp eg 7.etappe, en ugafla etappe på dagen, og for det andre så løp eg for ny klubb, Frol! Vi hadde noen gode dager på Pre-camp, der vi fekk litt feelingen med terrenget og kva som venta. Eg var sjølv veldig spent på korleis etappen min kom til å bli. Så seint i stafetten kan det bli langt mellom båtene. Men man veit aldri, kanskje eg skulle gå ut i ei større gruppe også.
Senarioet blei ei blanding mellom dei to senarioa. Frå start til 10.post orienterte eg stort sett sjølvstendig og hadde bra kontroll. Eg følte eg løp skikkeleg stafettløping, der eg løp i kontrollert fart med nesten litt for god kontroll. Men da slapp eg i alle fall å få tidstap på grunn av tekniske feil. På reisen gjennom etappen hadde eg også godt selskap av verdens beste 1.etappeløper, altså Vegard Brun Saga. Han lå stort sett i rygg, men var positiv og gav gode tilbakemeldingar om det var noko han var uenig i, så bra å ha han med. Fysisk fekk eg ikkje heilt den opplevelsen eg trudde. På stafett må enn ofte gå heilt i kjellaren, ettersom det er mykje sti og veg på slutten. I dag blei det litt meir rolig enn eg hadde forventa, men greitt nok i deler av løypa. Teknisk blir det noe tidstap inn i postringen, der eg stuper litt mykje inn utan å finlese. Eg syns eg stort sett gjer rett veivalg. Einaste til 11.posten, her blir eg veldig usikker når eg kjem ned på stien, og velger derfor å følgje den heilt til eg har full kontroll på kor eg er. Her tapar eg overraskande mykje.
Ellers blei det en god laginnsats med 10 habile løp. Det holdt til 11.plass og en magisk opplevelse på TIO:)
Skjul kommentarer (1)
Rosa Pantern: Bra valg av bakgrunnskart
Skriv ny kommentar
Lagre
 
10mila - 7.etappe (29.04.2018) 10mila - 7.etappe (29.04.2018)