Romjulsløpet 2019 (26.12.2018)
Kategori: Konkurranse
Arrangør: Helge Schei
Distanse: 3.95 km
Tid: 26:14
Gj.sn. HR: 163
Maksimum HR: 179
Endeleg var det på tide å lufte Julekroppen litt. Føltes litt som å få i gang et dovendyr fora på pinnekjøtt. Romjulsløpet i Førde har for vår del blitt en en skikkeleg tradisjon som det blir stor diskusjon rundt i dagane før. Kor går løpet, kor lang er løypa, kor kalt blir det, er der snøv, kor mange bilar treng vi, kven har holdt formen ved like, kor mange postar blir det? Mange spørsmål som får svar 2.juledag. I vår familie er det duka for ein skikkeleg internkonkurranse. Sjølv om forholdet mellom alder og nivå er til stede, så har alle trua før start, og ikkje minst klar dei gode unskyldnigane etterløpet. Alt dette er på sin plass på tampen av året, slik at vi kan gå inn i det nye året med blanke ark. Løpet for min del kan kort oppsummerast med at løypeleggar Helge gjekk av med seieren. Til post 5 og 6 gjer eg to store bom som kan karaktiriserast som "Ikkje kvalifisert til NM-mellom". Til 5.post blir det en parallellfeil som drar meg for høgt. Til 6.post skal eg ta inn feilen og løper for langt. Etter det blir det nullstilling og grei løping. Alt i alt innfrir Romjulsløpet som alltid. Mykje foilk, god stemning, super servering og gode løyper i fint terreng. Her anbefalar eg alle å ta turen for ei o-økt i Jula. Det siste ubesvarte spørmsmålet er: Er det sesongens første eller siste seier?
Vis kommentarer (0)
 
Romjulsløpet 2019 (26.12.2018) Romjulsløpet 2019 (26.12.2018)