NM-Ultralang 2014 (02.08.2014)
Kategori: Konkurranse
Disiplin: Ultralang
Distanse: 0 km
Tid: 0:00
NM Ultralang 2014, en rå, hard og magisk opplevelse i blaute vestlandsmyrar.

Etter noken dagar med nedbør, vart myrane ekstra blaute i terrenget, men følte egentlig dette berre var til min fordel. Eg hadde tidlegare på sommaren trent bra i myrterreng, eller rettare sakt relevant terreng mot løpet, så følte meg ikkje bekymra for litt nedbør.

Eg fekk til eit bra løp på dag 1 under fjord-O to dagar før, og fekk med det bekrefta at eg var i grei form. Så tok det rolig dei to neste dagane. På sjølve løpsdagen følte eg kroppen var heilt ok eller på det normale under en liten morgenjogg. Ingen sprut i beina, men ingen krise. Eg var ganske sikker på at det mest kom til å bli avgjort på det mentale. Og ein mental kamp blei dei, akkurat slik vi lika det!

Eg var litt spent på korleis løypa kom til å bli, for slikt terrenget byr ofte på «rett på» vegvalg. Men her syns eg løypeleggar har fått til veldig bra løype. Om man ser på GPS trackinga, så ser vi at det er mange som velger forskjellig, og at vegvalga gjev også endel utslag på tid. Litt kjedlig at GPS min ikkje virka, men har prøvd å teikne så bra eg kan på Paint.

Starta som vanlig med ein bra lang oppvarming, så følte meg klar på start.

Start-1: Ingen overaskelse med langstrekk på første post, etter å ha sett at det var drikkepost på 2.post. Eg sleit litt i starten med å velge kor eg skulle springe, men bestemte meg halvegs for å springe rundt høgre på løypa. Etter at eg kom opp på toppen fekk eg ett innfall av at eg måtte dra rett på. Så dro ned lia, og heilt i botn. Hmmm….blei litt irritert på meg sjølv og litt stressa, så mista faktisk litt fokus og berre sprang. Men har ok kontroll og tar meg inn igjen på ryggen og stuprekkene inn i posten. Taper endel på dette strekket. 2:09 bak

1-2: Rett på. Ok. 6 sek bak

2-3: finner en god trase og har kartkontakt. Beste strekktid med 17 sek

3-4: Går egentlig etter planen, men ser kanskje ut til å tapt litt på veivalg. Litt nøling inn i post og sliter litt med sting etter at eg har tatt til meg litt mykje væske før start. 55 sek bak.

4-5: Rett på! Velger å stå over dei to første væske postane etter mykje problem med sting. Beste strekktid med 5 sek

5-6: Rett på. God gjennomføring. Har ryggen til Sørensen. 13 sek bak

6-7: Løper etter planen. Tar kurs og sikter langt bort i fjellsida og prøver å trøkke til så mykje eg tørr. Etter å ha så bra kontroll på strekket framover, så bruker eg strekket til å lese på strekka fram til 12.post. Kjem litt høgt, men har kontroll og treffer rett i posten. 1:26 bak

7-8: ser 3 veivalg, og prøvar å finne det med minst stigning. Vil ikkje sleppe meg heilt ned gjennom den grønne skrålia, så bestemmer meg for å gå flatt bort til sætra. Blir litt meir stigning enn eg trur etter sætra, men gjennomfører bra. Ser ut til at eit litt meir rett på veivalg er betre. 15 sek bak. Bra

8-9: rett på. Ok! 5 sek bak
Her ligger eg 3 min bak leder Millegård

9-10: Velger å bruke stien midt på. Føler strekket går ok, men sliter fortsatt med sting og tenker kanskje litt for mykje på det. 49 sek bak.

10-11: Rett på. OK! Må stå over drikke her og….4sek bak

11-12: Har bestemt meg for å dra slakt høgre og unngå litt stigning. Føler meg bra på strekket og gjennomfører etter planen. Føler det går bra med å motivere seg og. 28 sek bak og 3 best på strekket. Ligger her 3:43 bak ledar Millegård.

12-13: hadde egntlig bestemt meg for å gå ned på vegen, men tenkte at det ville bli for defansivt og bestemte meg for at slike ting driver ikkje eg med. Taper litt men gjennomfører bra. 54 sek bak.

13-14: rett på. Vil ikkje gå å klatre bortover den grønne skrålia. Springe så langt eg greier opp bakken og går resten.

14-15: Litt kjedelig strekk. Blei meir eller mindre eit transport strekk. Men tar meg tida til å lese kartet ekstra nøye inn i posten sidan området var nokså detaljert og faren for å få ein liten sving var til stede. Ser ingen andre vegvalg. 37 sek bak.

15-16: har bestemt meg for å dra skrålia til venstre også skjere skrått inn i posten. Strekket går heilt etter planen. Tok igjen Dalhèn, så følte eg fekk en bra boost av det. Eg trøkte til litt inn i posten og fekk ei luke. Litt røyklukt inn i posten, om det var noke eg hallusinerte veit eg ikkje, men posten fant eg ? 38 sek bak med 3 beste strekktid. Omdal som hadde best tid på strekket hadde same veivalg. Eg velger også her å stå over drikke. Tar heller et beger(vann) og tømmer over meg.

16-17: Har ein god plan og følger den til punkt og prikke. Føler meg fysisk bra. En liten 2 sekunders stopp på myra før. Men ellers god konroll. 53 sek bak med 3 beste trekktid

17-18: OK. 27 sek bak

18-19: Kurs + holde mest mulig høgda. Bra. 10 sek bak

19-20: rett på. 1 sek bak og ligger på 3 plass totalt med 7 min bak ledar omdal på runding.

20-21: Planen var å få i seg ei blanding av kaffi og cola på runding, men velger igjen å stå over væske, sidan eg fortsatt sleit med sting i alle nedoverbakka. Heiinga på stadion står til 20 i stil, så tar til meg den boosten og fortsetter. Eg har ein god plan på strekket og nøler ikkje på det. Eg har faktisk bra kontroll og ser Ahlbäck komme i lia nedanfor. Men når eg kjem ned på slepet før posten, så trur eg at eg er på skogsvegen ett hakk lenger nede. Eg greier altså ikkje å lese at der skal være eit slep. Så drar av for tidlig og kjem for høgt. Men føler likevell at eg greier å ta meg bra inn igjen. Taper kanskje 1 min på dette. 2:29 bak. Veldig mykje på eit slikt strekk. Kan være eg burde ha fått i meg litt på runding. Har kan folk ha fått en liten boost.

21-22: Føler det begynner å bli tungt å orientere og sliter veldig med å lese kartet. Skulle her dratt ned på skogsvegen, men dreg rett på. Kjem litt lavt og taper 15 sek på det, men ellers ok. 58 sek bak.

22-23: Kompass rett i. Bra. Jobber veldig hardt mentalt. Syra i beina! 24 bak

23-24: Rett på. Har kontroll og jobber veldig bra på. Føler meg heilt ferdig. 22 sek bak

24-25: Fortsatt rett på, der eg springe endel i tråkk, så blir meir å prøve å presse ut det siste. Bra. 35 sek bak.

25-26: bruker kompass og leser på myrane. Bra gjennomføring. 12 sek bak.

26-27: ut på lysløypa og rett på. Høyrer HUogHEI og får gåsehud. Føler eg har eit bra løp og jobber det eg har. Det kom faktisk til eit stadium på dette strekket, der eg var redd eg måtte stoppe. Men kjem meg til siste post, så då var det berre spurten igjen. 21 sek bak.

27-mål: Full gass! Tur eg aldri har vert så sliten før. Om det ikkje vart ny rekord i fosterstilling på graset etter målgang, så var det vertfall ikkje langt unna.

På planen før sesongen stod der topp 15 på NM ultralang, så seier meg veldig godt fornøgd med en 6 plass, der det berre er 2:50 opp til bronsen og 11:45 opp til vinnaren Omdal.

Den største lærdomen i ettertid er at eg ikkje bør ete og drikke så mykje før løpet. Om det var Pizza buffeen på peppes pizza på kvelden før eller den store frukosten som fylte magen er vankelig å seie, men å ete normalt trur eg er betre. På den måte kunne eg kanskje fått i meg væske og næring undervegs.
Skjul kommentarer (2)
Kjetil: Gratulerer med et kjempeløp og -resultat! Bare å glede seg til resten av høsten nå.
ArneS. : Rått, Hardt og Magisk i Blaute Vestlandsmyrer, et Ultraløp uten mat & drikke, men helten duger likevel: Grattis!
Skriv ny kommentar
Lagre
 
NM-Ultralang 2014 (02.08.2014) NM-Ultralang 2014 (02.08.2014)