NM mellom B-finale (09.09.2017)
Kategori: Konkurranse
Distanse: 4.64 km
Tid: 28:14
Gj.sn. HR: 139
Maksimum HR: 165
Artig å få delta på tidenes første NM mellom B-finale, i vertfall utfrå det eg har høyrt. Formen var litt på halv åtte, ettersom eg måtte stå over gårsdagens kvalik pga feber og sjukdom, men formen var bedre i dag, så tenkte det var greit å prøve kroppen før en evt stafett. Eg hadde minimalt med oppvarming, planen var å få ein god tur i skogen der teknikken skulle sitte.

Kort oppsummert: Teknikken satt veldig bra, hadde kartkontakt og fullførte strekka som planlagt. Formen var ok. Hadde eit brukbart tempo, men valgte å ikkje presse på for mykje. Har ca 1 min 20 sek tap pga dårlig trasevalg. Løpet endte med strekk!

Post for post:
Bruker god tid på å få god retning ut av alle postar, og i tillegg jobbe med retning og kartkontakt undervegs. I Østfold har eg slitt litt med inngang, så satt farten litt ned når eg nærma meg.

S-1: Rett på, leser på stup og skrent
1-2: rett på. Leser på kurvebildet
2-3: velger å gå rundt høgre. Sikkert, men tapar tid på veivalget. + 20
3-4: Slak venstre, trur det er best
4-5: Velger å løpe i det grønne. Fin gammal granskog med fast og fin bunn
5-6: Rett på, plukkar detaljar undervegs
6-7: Leser på kurvebilde. God retning ut
7-8: Velger rundt. Ikkje bra! Trur eg er komt lenger en eg er og dreg opp for tidlig. Tapar 20 sek
8-9: Rett på veivalg. Gjennomfører dårlig og stopper litt opp i det grønne til venstre for posten. 20 sek
9-10: Velger rundt. Ikkje bra! Taper 10 sek på gjennomføring. Men har god kontroll
10-11: Velger demninga. Trur det var lurt
11-12: Rett på. Plukkar detaljar
12-13: en liten høgrebue. Slipper då det verste av grønt. Trur ikkje eg tapar så mykje på det.
13-14: Rett på. Leser meg inn frå bekken.
14-15: Velger over toppen. Er bedre å dra rundt og ned. Tapar 10 sek.
15-16: rett på
16-mål: Spurt
Alt i alt ei god teknisk gjennomføring der eg fekk god flyt. Artig å ta første seier i NM mellom B-finale :)
Skjul kommentarer (2)
Bjørn: Beste strekktid sprang også høgre til tredje ;)
Isak: Ikkje verst! Ser du har gjennomført veivalget litt bedre en meg, kutta litt over nasa etter stupet. Men det har nok gått litt for tregt med meg. Bra å sjå at veivalget ikkje var heilt håplaust :)
Skriv ny kommentar
Lagre
 
NM mellom B-finale (09.09.2017) NM mellom B-finale (09.09.2017)