Hu&Hei 2018 (06.10.2018)
Kategori: Konkurranse
Arrangør: NTNUI
Distanse: 39.88 km
Tid: 239:56
Gj.sn. HR: 161
Maksimum HR: 184
Endelig var det tid for Hu&Hei igjen! Oktober, haustfarga og blaute myrar. Forholda låg altså til rette for eit godt gammaldags Hu&Hei, med både fysiske, tekniske og mentale prøvelsar. Eg hadde i år investert godt med både kjøp av våthanskar (som kanskje er mitt beste kjøp nokon gong) og nytt kart! I tillegg til litt hastig låning av klede rett før start så var eg klar for Bymarka!

Snuskeløpet dagen før gav et godt grunnlag, noko som gjor at eg fekk gå ut som nr 2, 38 sek bak Emil Granqvist. Følte meg avslappa og klar før start. Etter et bekreftande blikk frå Sondre Kristiansen i døra (startstreken) at no var det berre å trøkke til, bar det av gårde.
Førstepost…hmm, langt men greitt. Her blir det berre å starte sikkert. Ingen tvil i at eg skulle springe rundt høgre. Gjennomførte greit for å vere meg, ok tempo, men ikkje av dei raskaste. Blei nesten tatt heilt igjen av den store gruppa bak. Ingen syn av Emil. Han må ha trøkka skikkelig til tenkte eg.

2.post. Kroppen føltes ikkje bra fysisk. Sleit litt med å komme i gang. Litt gåen. Tenkte at eg barre måtte ta km for km, også sjå kor lenge det helde. Ingen tvil i veivelget til. Burde kanskje dratt stien litt lenger før eg tok av. Posten låg muligens litt feil og? Men den var lett å sjå på frå den store mya.

3.post. Dagens nøtt! Eg brukte laaang tid på bestemme meg. Eg gjekk å nølte ganske lenge ned mot den første stien. Men bestemte meg for å spare høgde og dra litt rundt høgre. Angra på det etter kvart. Det var mykje dårlig skog og eg fant ikkje dei beste traseane. Kroppen var heller ikkje heilt på lag enda. Følte meg litt tom. Det starta og på dette tidspunktet å regne endel meir. Men tenkte at enn kan no ikkje klage, det kunne no vore minusgrader og snøv. I tillegg hadde eg jo fått lånt meg regnjakke. Sjølv om eg var redd for å øydelegge ei litt for dyr jakke eg hadde fått lånt meg. Overraskande nok stod eigar av jakka på 3.post. Her blei det servering av noko godt i koppen, og ikkje mist sekundering. Eg var igrunn litt i tvil om eg var på 2.plass etter et nokså dårleg strekk. Men fekk beskjed om at eg var 4-5 min bak.

4.post. Ingen tvil i veivalget. Mulig eg dro litt høgt inn i posten, men ingen krise. Det beste til 4.posten var at kroppen starta å løsne skikkelig. Endeleg tenkte eg, eller kva var det eg eigentleg fekk på 3.post? jaja, kroppen kom seg omsider! På 4.post var det god stemning som alltid! Takker for all støtte og hei&hei`ing! Berre det gjev energi til en ekstra runde.

Runding. Litt dårlig utgang frå 4.post. Men elles ingenting å utsette på strekket. Får lurt til meg en «high Five» med Emil. Han på veg ut og eg på veg inn. Han virka sprek tenkte eg! Men likevel følte eg meg ganske så sprek sjølv. Håpa på en lang siste runde. Jo lenger jo betre.
5.post. Det blei lagt igjen lite tid på runding. Sa hei og stakk ut igjen. Ingen tvil i veivalget her heller. Fekk bra fart i beina og tok posten bra. Ingen teikn til Emil.

6.post. Endeleg et vegvalg med myr i motbakke som lønner seg tenkte eg, og dro rett på. Kroppen lystra og eg fekk tid til å nyte litt gamping, som det på god gamaldags Hu&hei språk heiter. Det var først på dette strekket det falt meg inn at eg endå ikkje hadde kjent noko teikn til skade. Hmm…da var det lite eg kunne klage på tenkte eg! Gjennomførte strekket bra, der eg fekk auge på posten litt før eg hadde forventa. Var glad eg dro ned på stien rett før posten istedenfor å dra rett på strek på ryggen inn i posten. Overraskande møtte kom Emil inn i posten rett etter meg. Han hadde løpt rundt på sti. Her tapte han nok en del på vegvalget, så regna med at han hadde bra med trøkk igjen. Hmmm…da var det og omstille seg litt. Eg var nok litt redd for en kortspurt og tenkte at eg evt måtte prøve på et eget vegvalg eller skru opp farten og sjå kor lenge det kunne vare.

7.post. Bestemte meg fort for å dra rundt venstre. Emil såg ut til å gjøre det samme så stressa ikke med å gjøre noko dumt her. Løp først til Damhaugen, her blei det litt «bushing» ned mot elva. I tillegg klarte eg å miste kartet i elva! Shit! Eg fikk tak i kartet og fortsette opp bakken i rygg på Emil. Eg løfta opp kartet…dobbelt shit! Postringen var vekk frå kartet! Hmm, då blir det nok litt heng tenkte eg. Eg visste ca kor posten skulle være så prøvde å holde tempo oppe. Vi klatra bakken greit og kom oss opp på myrane. Eg innrømte til Emil at eg ikkje hadde heilt kontroll på kor posten skulle være. Heiderleg nok så sa Emil kor den var på kartet. Audmykt og snilt! Eg tok litt over styringa og vi tok posten bra.

8.post. Eg var no litt i tvil på kor mange postar det kunne være igjen. Men eg var veldig klar for å starte en langspurt! Kroppen føltes bra. Vi dro på forskjellig veivalg til 8.post. Eg trøkka bra på. Såg ingen tegn til Emil. Mulig eg tapte litt ut av 7.post men ellers var eg fornøgd med strekket. Likevel kjem vi likt inn i posten. Hmm…dette blir spennande tenkte eg.
9.post. Vegvalget til 9.post blei tatt fort. No skulle langspurten starte! Eg prøvde å forsvinne litt frå tankar og bevisstheit, og heller teste litt kva kroppen var god for. Det er jo godt å sjå kva denne kroppen er god for. Eg bestemte meg for å dra venstre rundt vatnet for å få minst mulig terreng opp bakkane. Usikker kva som er best her. Men holdt brukbar fart. Eg var også veldig usikker på korleis eg lå ann i forhold til Emil. Men ingen Emil på posten. Eg såg klypa på posten og at vi skulle til mål.

9.post Mentalt var eg vekk så her kom eg aldri i livet til å gjere noko godt valg uansett kva eg kom til å velje av vegvalg. Bestemte meg derfor å gå for det sikre, veivalget rundt på vei. I tillegg kunne eg då også få testa kroppen skikkeleg opp vegen på slutten. Skjønte fort at dette kanskje ikkje var så lurt! Prøvde å finne litt motivasjon opp vegen. Fant fort ut at det ikkje var noko problem, enn sprang no for seier i Hu&Hei, kva er vel ikkje betre motivasjon enn det? Det var en skikkeleg god følelse å komme opp bakken og sjå døra, sjølv om eg var usikker på om eg var først. Eg hadde no ikkje sett Emil sidan 8.post. Litt svimmel og sleten fekk eg beskjed om at eg var først inn, og godt var det. Då gjore det godt med nokon sekund på bakken før litt næring, badstu og analyse stod for tur :)

Takk for en magisk tur i marka! Løyper, folk og arrangørar gjer dette til en fest utan like! Ser fram til neste år!

Hu&Hei!
Skjul kommentarer (1)
Knut WM : Grattis med seier, tøff løype, gode veivalg med mulig unntak for mål. Men vanskelig å vite hvor mye raskere enn kan løpe motbakker med fast underlag i for hold til bløt Trøndermyr ;)
Skriv ny kommentar
Lagre
 
Hu&Hei 2018 (06.10.2018) Hu&Hei 2018 (06.10.2018)